Sahar og Amany på veg til Noreg

Bli kjend med dei to unge damene som no er på veg til Noreg og som du kan få møte neste veke.

Sahar Vardi (t.h) er ein israelsk menneskerettsaktivist. Ho nekta å tene i militæret og vart fengsla i 2008. Sidan har ho vore aktiv i New Profile, ei gruppe som arbeider mot militariseringa av det israelske samfunnet. Ho arbeider i American Friends Service Committee i Jerusalem. Særleg jobbar Sahar mot husøydeleggingar, barnearrestasjonar og diskriminering i Aust-Jerusalem.

Amany Abu Awad (t.v) er palestinar og arbeider hos YWCA (KFUK) i Geneve. Ho vaks opp i Beit Jala og studerte engelsk litteratur og oversetting ved universitetet i Betlehem. Som del av ei studentgruppe ho var med i haldt ho innleiingar for utlendingar som besøkte universitetet. Ho har og vore aktiv i KFUK sitt arbeid og i andre ungdomsgrupper som Young Arab Voices debate club og Youth for change.