- Kyrkjene må legge til rette for ærleg samtale om fred for Israel og Palestina


I mars vitja leiinga i Kirkenes Verdensråds sentralkomite Israel og Palestina,
i solidaritet med medlemskyrkjene i området. Olav Fykse Tveit til høgre.
Foto: Marianne Ejdersten/WCC.
INTERNASJONAL KYRKJELEG MARKERING AV FREDSVEKE

- Religion kan både bidra til å auke konfliktnivået og til å skape fred. Særleg i konflikten mellom Israel og palestinarane er det tilfelle, seier generalsekretær Olav Fykse Tveit i Kirkenes Verdensråd (KV).

- Det heng jo saman med at konflikten er sterkt samanvove med kampen om heilage stader for tre verdsreligionar, inkludert den kristne, og kampen om kva som er rett tolking og bruk av heilage tekster med tanke på rettar til land og rettferdig fordeling av naturressursar.

Trua forpliktar
18-25 september markerer kyrkjer i mange land ei veke for fred i Palestina og Israel. Den vert arrangert av Kirkenes Verdensråd. Dette skjer også gjennom ei rekkje arrangement i Noreg.

Den kristne trua forpliktar til å søkje rettferd og skape fred, til å søkje løysingar som tek menneskeverd og menneskerettar på alvor, til å søkje ikkje-valdelege måtar å oppnå rettferd og fred, til å få fram kva som er sant om det som skjer, og til å fremme dialog og forståing mellom menneske, poengterer generalsekretæren.

- Vi trur og ser at kyrkjene lokalt i dette området kan og vil spele ei rolle for å fremme fred og rettferd på slike premissar, og at dei vil samarbeide med fredskreftene på begge sider av konflikten så langt som mogeleg. Difor er eit viktig bidrag å styrkje kyrkjene og dei kristne sitt nærvær i området, slik at dei kan vere eit truverdig vitne om den kristne tru og fredsvilje.

Generalsekretæren fortel at KV har lagt vekt på å få kyrkjer elles i verda til å tenke grundig og kritisk gjennom kva rolle dei har for å bidra til fred og rettferd gjennom det ein seier og gjer i forhold til «Det heilage landet», og korleis ein opptrer i forhold til dei andre religionar som ser dette som sitt heilage land, jødedom og islam.

- Dette har skjedd gjennom å legge til rette for å få ut informasjon og grundige teologiske og moralske drøftingar av denne konflikten, ikkje minst fordi mange kristne har primært sett den ut frå bibelske tekstar om Israel og ikkje vore klar over kva for katastrofale konsekvensar konflikten har for den palestinske befolkninga. Dette skjer gjerne ved besøk og pilegrimsturar, så ein kan sjå kva som er fakta på bakken for dei som lever i denne konflikten og vise solidaritet og støtte til dei lokale kristne og til fredskreftene på begge sider.

Ein ærleg samtale
Særleg viktig har det vore dei siste åra å få fram kva som er følgjene av okkupasjonen av palestinske område, ettersom det er dei som opplever brot på menneskerettar, diskriminering og maktbruk på ein heilt spesiell måte. Dette er også viktig med tanke på framtida for den kristne palestinske minoriteten. Konflikten skaper også vanskelege forhold for fleire i Israel, ikkje minst palestinarar som bur der.

På ein meir systematisk måte har KV, på forespørsel frå dei lokale kyrkjene, saman med mange partnarar, lagt til rette for eit ledsagarprogram så mange kan både sjå sjølve kva som skjer, samt bidra til moralsk og praktisk støtte til dei som lever under denne konflikten.

Alt dette kan og må gjerast i dialog mellom kyrkjene lokalt og elles i verda. Det er viktig at kyrkjene overalt legg til rette for dialog mellom representantar for dei to folk og dei tre religionar som dette gjeld, og KV prøver også å ta initiativ i så måte. Det er viktig at kyrkjene legg til rette for ein ærleg samtale, som går bak politiske og propagandistiske tilnærmingsmåtar. Fordi konflikten er bestemt av korleis andre land, særleg USA, men også europeiske land, forheldt seg til Israel, er det viktig at kyrkjene stimulerer denne dialogen både nasjonalt og internasjonalt.

I denne spesielle konflikten er det historiske, teologiske og aktuelle grunnar til at kyrkjene må engasjere seg, seier Fykse Tveit. Dette gjeld område som er opphavet til vår kristne tru, og som har stader som er heilage for kyrkjer og kristne i heile verda. Endå viktigare er det at det er menneske som bur der som treng at kristen tru og praksis bidrar til ein rettferdig fred, ettersom det ikkje alltid er tilfelle.

Mobilisere fredskreftene
I 1948 uttalte KV si generalforsamling at anti-semittisme er synd mot Gud, etter å ha sett kva slike haldningar kunne føre til under den andre verdskrigen. Dette skjedde vel vitande om at det er ikkje minst den måten kristne har behandla jødar på som har ført til anti-semittiske haldnignar og handlingar. Dette må vi stadig vere på vakt mot.

KV har sidan den gong støtta FN sitt vedtak om at det skal vere ein israelsk og ein palestinsk stat. Konfliktane i dette området heng også saman med kyrkjer og kristnes ulike initiativ opp gjennom historia for å skaffe seg herredøme over dei heilage stadene.

- I omtalen av okkupasjonen er det ikkje relevant å spørre om kyrkjene er «balanserte». Ein kan ikkje ha eit balansert forhold til urett og undertrykking av andre sine rettar. Når ein part er okkupant og den andre okkupert, er det ikkje mogeleg å ha som rettesnor å snakke «balansert» om dette. Det er viktig at kyrkjene, som alle andre, ser og prøver å forstå alle sider ved denne konflikten, og at ein prøver å mobilisere fredskreftene på alle sider for å finne ei varig, haldbar og ikkje-valdeleg løysing.

Kva meiner du om økonomisk boikott av Israel?

- Kirkenes Verdensråd er ikkje med i nokon boikottbevegelse mot Israel. Vi har sjølvstendige vurderingar av mange sider av kyrkjene sitt engasjement. Vi har ikkje nokon gong oppfordra til boikott av Israel. Ledsager-programmet vårt blandar ikkje inn den tematikken i det heile.

- Men vi held fast på at det er mot internasjonal lov og umoralsk at nokon profiterer på okkupasjon. Det gjeld ikkje minst for kyrkjer. Difor har KV bidratt til å reise spørsmål om korleis kyrkjer som har fond, tener pengar på denne okkupasjonen, eller om dei støtter fredsbyggjande tiltak med slike fondsmidlar. Framleis er Israel eit demokrati, og det er dei ordinære politiske verktøy som bør brukast internasjonalt når ein ber Israel endre praksis med tanke på okkupasjonen.

Håpet om ein rettferdig fred

Kva har gjort mest inntrykk på deg i møte med konflikten under dine vitjinger i området?

- Stundom vert eg heilt betatt av at det er menneske som ikkje har gitt opp håpet om ein rettferdig fred, etter tiår med okkupasjon og for mange eit liv som flyktningar. Eg er sterkt imponert over at dei har ei konsekvent ikkje-valds haldning framleis. Det er diverre dei negative sidene som oftast har gjort sterkast inntrykk: Den brutale realiteten i alt som er bygd på okkupert jord, på muren som øydelegg både landskap og framtidsutsikter, på vegane i området som demonstrerer at det er ulike rettar for ulike menneske, sjølv om dei lever tett på kvarandre. Og det ufattelege for meg er at gudstru kan forblinde, også når den er bygd på bibelske tekstar, og kan brukast til å legitimere urett og strukturert vald mot menneske i ditt nabolag.

Er det tenkeleg at det brått kan skje ei endring til det positive i regionen, til eksempel som da muren falt i Berlin?

Alt er mogeleg, også i Israel og Palestina. Ja, kanskje vi nettopp der skulle ha meir håp om at det kan skje noko som endrar forholda og bidrar til ei rettferdig fredsløysing som kan vare. Det er i alle fall vår oppgåve å be og arbeide for at det skjer, ikkje minst når det er eit håp som går bak eller mot det vi ser med våre eigne auge akkurat no, avsluttar Olav Fykse Tveit.
Tema for Kirkeuka for fred i Palestina og Israel 2016 er "Bygg fred, ikke murer". Les mer om årets tema her.